72 000 flyktningar frå Ukraina har søkt beskyttelse i Noreg


Nesten like mange flyktningar fra Ukraina kom i 2023 som i 2022.

Publisert: 05.01.2024

Foreløpige tal viser at 72 381 ukrainske flyktningar har søkt beskyttelse i Noreg etter krigsutbrottet i 2022.

I 2022 kom det 35 920 flyktningar, mens 36 461 kom i 2023. Dei aller fleste har fått kollektiv beskyttelse, men det er også nokon flyktningar som blir vurderte som individuelle asylsøkarar.

Må ha vært busett i Ukraina for å få kollektiv beskyttelse

Kort tid etter at Russland starta si storoffensiv, bestemte den norske regjeringa at ukrainske flyktningar skulle få kollektiv beskyttelse. Av flyktningane som har komme til Noreg er det 70 440 som har søkt om dette. 66 917 har fått søknaden innvilga.

Runar Pedersen, fagleiar i Beskyttelse i Utlendingsdirektoratet (UDI), forklarer at det er nokon konkrete krav for å kvalifisere for kollektiv beskyttelse. Blant annet må man ha vært busett i Ukraina da krigen braut ut 24. februar 2022.

— Det er ein liten andel av flyktningane frå Ukraina som ikkje fell inn under regelverket om kollektiv beskyttelse, og dei blir derfor vurderte individuelt. Vi jobbar med å fastsette ein praksis for desse, og sakene er lagt på vent til det er på plass, seier Pedersen.

Per 5. januar 2024 er det 861 flyktningar frå Ukraina som har ein individuell asylsøknad inne hos UDI. Pedersen fortel at dei fleste av desse er personar som har budd og jobba i andre europeiske land, for eksempel i Polen, da krigen braut ut.

Kollektiv beskyttelse med andre statsborgarskap

Dei aller fleste som får innvilga kollektiv beskyttelse er ukrainske statsborgarar, men det er også mogleg å kvalifisere sjølv om man har eit anna statsborgarskap. Per 5. januar 2024 gjeld dette 204 personar.

Pedersen forklarer at dette stort sett er flyktningar frå andre land som hadde asyl i Ukraina før krigen braut ut.

— Personar som har hatt internasjonal beskyttelse i Ukraina før 24. februar 2022 vil kunne kvalifisere for kollektiv beskyttelse. Det samme gjeld familiemedlemer til ukrainske borgarar som kvalifiserer for kollektiv beskyttelse, avslutter fagleiaren.

 

 

 

Fant du det du lette etter?