Asylmottak Opprette, endre eller avvikle mottak
Asylmottaka blir drivne av kommunar, frivillige organisasjonar og private selskap som har kontraktar med UDI, men det er UDI som utarbeider retningslinjene for korleis mottaka skal drivast.
Det er UDIs regionskontor som står for den løpande oppfølginga av mottaka.
UDIs fremgangsmåte ved oppretting og nedlegging av mottak
-
Kva påverkar behovet for mottaksplassar?
Behovet for mottaksplassar blir påverka av fleire faktorar:
- talet på asylsøkjarar som kjem til landet
- tida det tek å behandle asylsøknadene
- talet på menneske som blir busette i kommunane
- uttransporter av personar med endeleg avslag
-
Korleis opprettar vi nye mottak?
Utlendingsdirektoratet (UDI) følgjer regelverket for offentlege innkjøp når vi etablerer nye asylmottak. Det inneber at vi lyser ut drifta av mottak gjennom offentlege anbodskonkurransar på Doffin (Database for offentlege innkjøp). Vi inngår rammeavtalar med ulike driftsoperatørar, og når det er behov for nye mottak gjennomfører vi ein minikonkurranse mellom dei vi har avtale med.
UDIs mottaksstrategi
UDI lyser ut rammeavtalar for å drifte asylmottak på tre ulike nivå. Dette skal til saman vareta dei skriftande behova vi har for mottaksplassar:
- Nivå 1 – basiskapasitet
Avtalane på dette nivået har lang varigheit (inntil ti år). Langvarige avtalar skal gi stabile rammer for bebuarane, leverandørane, vertskommunen og UDI. Langtidsperspektiv kan også leggje til rette for innovasjon og forbetring av tenestene. - Nivå 2 – variabel kapasitet
Avtalane på dette nivået har kortare varigheit (inntil seks år). Skiping av mottak på desse avtalane skal handtere dei normale svingingane i kapasitetsbehovet. Krava til drifta og tenestene som blir tilbodne i asylmottaka, er dei same som for avtalane om basiskapasitet. - Nivå 3 – beredskapskapasitet
Avtaler på dette nivået blir brukt i periodar der det er store og/eller raske innkomstar som skaper akutte behov for mottaksplassar, og der dei ordinære avtalane ikkje strekk til. UDI har rammeavtalar for telt, skip/flotell og brakkeleirar. Tenestene som blir tilbodne i akuttinnkvarteringa har ein lågare standard enn innkvarteringsløysingane på nivå 1 og 2. Bebuarar skal ikkje bu i mottak som er oppretta etter desse avtalane over lengre tid.
Når det oppstår eit behov for fleire mottaksplassar på nivå 1 eller 2, har UDI ein minikonkurranse blant leverandørane som har rammeavtale med oss. På bakgrunn av denne minikonkurransen, inngår vi kontrakt om drift av asylmottak.
Sentrale moment i vurderinga av tilboda er bygningsmasse, pris, plassering og kvalitet. Kva vekt dei ulike kriteria får, er avhengig av kva for eit av nivåa konkurransen blir lyst ut på og av dei behova vi ser ved kvar konkurranse. Vektlegginga vil komme frami utlysinga på Doffin.
UDI skal, så langt det er mogleg, inngå kontrakt med både kommunar, ideelle organisasjonar og private føretak som driftsoperatørar, og ønskje at asylmottaka er plasserte over heile landet.
Når UDI har behov for fleire mottaksplassar raskt, vil vi ha ein minikonkurranse på rammeavtalane for akuttinnkvartering.
Asylmottak på gamle kontraktar UDI har framleis nokon avtalar med mottak på gamle kontraktar. Regelverket for asylmottak på gamle kontraktar vil framleis komme fram av retningslinjer på udiregelverk (eksternt nettsted).
- Nivå 1 – basiskapasitet
-
Nedbygging av mottakskapasitet
Når behovet for mottaksplassar går ned, vil UDI leggje ned mottaksplassar.
UDI gjer ei totalvurdering av kva mottaksplassar det er mest formålstenleg å behalde. Ei slik vurdering omfattar mellom anna pris på mottaksdrifta, kvaliteten i det arbeidet som blir gjort av mottaket og lokalisering.
Pliktene til mottaksoperatørane
Hugs at asylmottak er meldepliktige, og driftsoperatørar skal melde til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar i samsvar med Forskrift om miljøretta helsevern §14 (eksternt nettsted).
Asylmottak har også plikt til å søkje kommunen om tiltak som blir omfatta av byggjesakreglane i samsvar med Plan- og bygningsloven § 20 (eksternt nettsted).