Kva skjer når nokon søkjer om beskyttelse (asyl)?
Please note that not all the content on this page is available in English.
Spørsmål og svar
-
Kva betyr det å søkje om beskyttelse (asyl)?
Det å søkje om beskyttelse i Noreg betyr at ein person ber om å få lov til å busetje seg i Noreg fordi personen:
- meiner å ha ei velgrunna frykt for forfølging i heimlandet på grunn av etnisitet, avstamming, hudfarge, religion, nasjonalitet, medlemskap i ei spesiell sosial gruppe eller på grunn av politisk oppfatning (dette blir kalla å vere ein konvensjonsflyktning), eller
- reknar at han står i reell fare for å bli utsett for dødsstraff, tortur eller annan umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff viss han må reise tilbake til heimlandet.
-
Korleis er saksgangen når nokon søkjer om beskyttelse (asyl)?
Når nokon søkjer om beskyttelse, er det fleire steg på vegen mot at søknaden blir avgjord.
-
Kva er forskjellen på ein asylsøkjar og ein flyktning?
Ein person blir kalla asylsøkjar (eksternt nettsted) når han eller ho har søkt om beskyttelse (asyl) i Noreg, og ikkje har fått søknaden sin endeleg avgjort. Ein flyktning (eksternt nettsted) er ein person som fyller krava til å få beskyttelse (asyl) i Noreg, og har fått vedtak om det frå utlendingsforvaltninga.
-
Kan asylsøkjarar få arbeidsløyve?
Nokre asylsøkjarar kan få arbeidsløyve før søknaden deira om beskyttelse er avgjord. Alle asylsøkjarar kan delta i frivillig arbeid. Les meir om asylsøkjarars høve til å få arbeidsløyve.
-
Kven administrerer busetjing av flyktningar?
UDI har ikkje ansvar for busetjing av flyktningar. Det er IMDi som administrerer busetjing (eksternt nettsted).
-
Kven kan få introduksjonsprogram?
Introduksjonsprogrammet gjeld for personar som har fått opphald i Noreg. Det er IMDi som har det faglege ansvaret for introduksjonsprogrammet (eksternt nettsted).
-
Kan asylsøkjarar få støtte til å reise tilbake til heimlandet?
Ein asylsøkjar som har fått avslag på søknaden sin kan søkje om assistert retur til heimlandet sitt. Det er også mogleg å søkje om assistert retur før UDI har behandla ferdig søknaden.
Assistert retur inneber at heimreisa blir organisert og dekt, og at personen kan få pengar og/eller anna støtte til å etablere seg på nytt i heimlandet. Sjå også rundskrivet til regjeringa om arbeidet med assistert retur (eksternt nettsted).
Dersom ein asylsøkjar får avslag på søknaden om vern, har personen plikt ti å forlate Noreg innan ein tidsfrist (utreisefrist). Dersom personen ikkje forlèt Noreg innan fristen kan personen bli tvangsreturnert og nekta innreise til alle Schengenland.
Det er politiet som har ansvar for å gjennomføre tvangsretur (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu).