Held fram tiltak mot vald
Please note that not all the content on this page is available in English.
Ny leverandør skal gi opplæring i å halda samtalegrupper på norske asylmottak.
Dialoggrupper om vald er eit førebyggjande tiltak for å bidra til å redusera vald i og utanfor mottak. Det har blitt gjennomført sidan 2013, og i dei etterfølgjande åra har det komme gode tilbakemeldingar frå bebuarar og mottakstilsette.
I oktober kunngjer UDI ein konkurranse for å skaffa ein ny leverandør for opplæringa av dei mottakstilsette som leier gruppene. Tiltaket er også ein del av den nye handlingsplanen «Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold 2021-2024» (eksternt nettsted).
Samtaler i mottaka
Dialoggruppene blir tilbode vaksne, mannlege bebuarar og gutar over 15 år, og UDI vurderer også om ein skal utvikla eit tilsvarande opplegg for kvinner.
Samtalane omhandlar mellom anna norske lover og verdiar, vald mot kvinner og barn og andre former for vald, og korleis forhindra vald. I dialoggruppene for unge menn og einslege mindreårige er temaa tilpassa alder, og emnar som eksempelvis forhold til kvinner og likestilling og å bli utsett for vald, blir spesifikt tekne opp.
Gjennomføringa skjer i mottaka, ofte med bruk av tolk. Det er frivillig for bebuarane å delta i dialoggruppene.