Har fått svar Har fått ja på søknad om arbeidsinnvandring
Spørsmål og svar
-
Korleis reiser eg inn til Noreg?
Hvis du ikke allerede er i Norge når du får svar på søknaden din, kan du nå reise inn til Norge.
Først må du sjekke om du trenger et visum for å reise inn i Norge. Sjekk om du er blant dem som ikke trenger visum.
Du som ikke trenger visum
Du kan reise inn til Norge når som helst innen fristen som står i vedtaket ditt (vanligvis seks måneder).
Du som trenger et visum
- Visumet du skal ha kalles et innreisevisum.
- UDI vil gi ambassaden som har ansvar for saken din beskjed om at de skal gi deg dette visumet, du trenger ikke å søke om det.
- Søknadssenteret der du leverte søknaden eller ambassaden vil ta kontakt med deg for å avtale når du kan komme og hente visumet. Det vil ta opptil en uke før de tar kontakt med deg. Du vil hente visumet ditt samme sted som du leverte søknaden.
- På visumet vil det stå en frist for når du senest kan reise inn i Norge. Derfor må du gi beskjed til ambassaden om når du planlegger å reise, slik at visumet er gyldig når du trenger det.
-
Kan eg forlenge innreisefristen min til Noreg?
Når du får vedtak frå UDI om at du har fått eit opphaldsløyve for arbeid, får du òg ein frist for når du må reise inn til Noreg.
Du kan få utvida innreisefristen viss det er spesielle grunnar til at du ikkje kan reise til Noreg innan fristen, og du framleis har jobbtilbodet du fekk opphaldsløyve for. Du må be om forlengt innreisefrist før din noverande innreisefrist går ut, og du må legge ved oppdatert arbeidstilbod. Innreisefristen vil vanlegvis forlengast med inntil seks månader.
Viss du ikkje har same jobbtilbod lenger, må du søke på nytt for eit opphaldsløyve for det jobbtilbodet du har no.
Slik ber du om utvida innreisefrist
Når du ber om forlengt innreisefrist, må du forklare oss kvifor du ikkje kan reise inn til Noreg innan fristen. I mange tilfelle vil UDI be deg levere dokumentasjon på årsaka du oppgir. Viss du til dømes ikkje klarer å halde innreisefristen fordi du er sjuk, så må du dokumentere sjukdom. Viss det er andre årsaker, må du prøve å dokumentere situasjonen så godt som mogleg.
For å be om utsett innreisefrist må du kontakte UDI på telefon. Vi vil vurdere om du kan få utvida innreisefrist og kva dokumentasjon du må sende til oss ut ifrå forklaringa di. Viss du får utvida innreisefrist, vil ambassaden kontakte deg så du får eit nytt innreisevisum med ny innreisefrist.
-
Må eg teste meg for tuberkulose?
Nokre personar må teste seg for tuberkulose når dei kjem til Noreg.
Du må teste deg viss
- du kjem frå eit land med høg førekomst av tuberkulose. Det vil seie at landet du kjem frå står i tabellen på Folkehelseinstituttets side (eksternt nettsted), og
- du skal vere i Noreg i meir enn tre månader.
Kva skal du gjere for å teste deg?
Du må ta kontakt med kommunen du skal bu i viss du har plikt til å teste deg for tuberkulose. Det er kommunen som utfører testinga. Du skal teste deg så snart som mogleg etter at du har komme til Noreg.
-
Slik skaffar du opphaldskort viss du søkte før 16. april 2021
Kva er eit opphaldskort?
Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som viser at du har opphaldsløyve i Noreg.
Korleis skaffar du deg opphaldskort?
- Du må bestille time hos politiet på førehand for å ordne med opphaldskortet.
- Du kan bestille timen før du drar til Noreg.
- Timen må enten vere ein av dei fyrste sju dagane du er i Noreg, eller den fyrste ledige timen du finn.
- Du må møte opp hos politiet der du skal bu, til den timen du har bestilt.
- Dersom du er under 18 år, må du møte hos politiet saman med foreldre/føresette.
Bestilling av time på Min side
Viss du fylte ut og sendte søknaden din elektronisk, kan du no logge deg inn for å bestille timen (eksternt nettsted).
Bestilling av time på telefon
Viss du ikkje fylte ut elektronisk søknadsskjema da du søkte om opphaldsløyve, må du ringe ditt lokale politidistrikt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.
Kva skjer på timen hos politiet?
Politiet tar fingeravtrykka dine og fotograferer deg, og politiet bestiller opphaldskort til deg.
Kor lang tid tar det før du får kortet?
Det vil ta minst 20 arbeidsdagar frå du var hos politiet, til du får kortet sendt til deg i posten. Sjekk at du står registrert med rett postadresse og at du har namnet ditt på postkassen, ellers vil ikkje kortet komme fram til deg. Dersom kortet kjem vekk i posten vil det ta minst ti arbeidsdagar til, før du får det nye.
Dersom du planlegg å reise utanlands bør du derfor passe på at du har god tid mellom oppmøtet hos politiet og den planlagde avreisedatoen.
-
Slik skaffar du opphaldskort viss du søkte 16. april 2021 eller seinare
Kva er eit opphaldskort?
Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som er beviset ditt på at du har opphaldsløyve i Noreg. Det er politiet som bestiller opphaldskort til deg.
Når du har levert søknad frå Noreg, kan det vere at du kan få opphaldskortet ditt utan å møte opp hos politiet på nytt. Viss det gjeld deg, sender politiet opphaldskortet til deg i posten. Det betyr at du ikkje treng å bestille time. Les under kven som må bestille time.
Kva må du passe på for å motta kortet i posten?
- Er du ny postmottakar i Noreg, fyll ut denne blanketten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu), og lever han på eit postkontor eller Post i Butikk. Hugs å ta med legitimasjon.
- Sjekk at du står registrert med korrekt postadresse (eksternt nettsted) hos Posten, dersom du allereie er registrert som postmottakar. Sida krev innlogging med BankID eller MinID.
- Kontroller at du har namnet ditt på postkassa, viss ikkje vil ikkje kortet komme fram til deg. Viss kortet kjem bort i posten, vil det ta minst 20 arbeidsdagar til før du kan få eit nytt.
- Du bør ikkje bestille reiser til utlandet før du har fått det nye opphaldskortet.
Kven må bestille time for å få opphaldskort?
- Du som har søkt frå utlandet.
- Du som har eit norsk utlendingspass eller reisebevis for flyktningar som er utgått på dato, og som du ikkje allereie har gitt til politiet.
- Viss søknaden din blei levert av ein annan person med fullmakt, så må du sjølv bestille time hos politiet for å få opphaldskort.
- Viss du har søkt opphald etter brexit-regelverket, får du beskjed om å bestille time etter at søknaden din er ferdig behandla.
- Viss du har søkt om vern for første gang hos politiet, vil politiet innkalle deg til time. Du treng ikkje å bestille time sjølv.
Hos politiet må du ta bilde og gi fingeravtrykk.
Korleis bestille time?
Bestilling av time elektronisk
Viss du fylte ut og sendte søknaden din elektronisk, kan du nå logge deg inn for å bestille timen.
Bestilling av time på telefon
Viss du ikkje fylte ut elektronisk søknadsskjema da du søkte om opphaldsløyve, må du i staden ringe det lokale politidistriktet ditt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.
-
Eg kom til Noreg nyleg, men har ikkje fått opphaldskort enno. Kan eg byrje å arbeide?
Dersom du har fått eit opphaldsløyve som gir deg rett til å arbeide, kan du byrje å arbeide når du har møtt hos politiet og politiet har bestilt opphaldskort til deg.
Det kan vere lange ventetider hos politiet for å bestille opphaldskort. Sjølv om du ikkje har fått opphaldskort endå, kan du byrje å studere eller arbeid no viss du har fått eit opphaldsløyve som gir deg rett til å studere eller arbeid, og du har booka time hos politiet for å bestille opphaldskort. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for deg.
Dersom det ikkje er mogleg å booke time hos politiet, må du ta kontakt med UDI på telefon eller e-post for å melde frå om at du er i Noreg og at du startar å studere eller arbeide. Du må likevel møte hos politiet for å bestille opphaldskort når dette blir mogleg.
-
Korleis får eg registrert adressa mi i Noreg, får fødselsnummer eller d-nummer og skattekort?
Når du møter opp hos politiet for å bestilla opphaldskort, gir vi beskjed om at du er innvilga eit opphaldsløyve til skatteetaten. Skatteetaten avgjer om du skal få eit d-nummer eller fødselsnummer.
Omtrent to veker etter at du har vore hos politiet får du eit brev frå Skatteetaten med fødselsnummeret eller d-nummeret ditt.
Dersom du har fått ny adresse i Noreg etter at du leverte søknaden din, må du gi beskjed om kva den nye adressa di er når du møter hos politiet, slik at du blir registrert på riktig adresse i det norske folkeregisteret.
Dersom du har spørsmål om skattekort fordi du skal arbeide i Noreg, finn du informasjon på Skatteetatens nettsider om korleis utanlandske statsborgarar søkjer om skattekort (eksternt nettsted).
Dersom du har fått eit d-nummer når du skulle ha fått eit fødselsnummer, må du kontakta folkeregisteret (eksternt nettsted).
Registrere adresse
- Er du ny postmottakar i Noreg, fyll ut denne blanketten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu) og lever den på eit postkontor eller Post i Butikk. Hugs å ta med legitimasjon.
- Sjekk at du står registrert med korrekt postadresse hos Posten (eksternt nettsted), dersom du allereie er registrert som postmottakar. Sidan krev innlogging med BankID eller MinID.
- Kontroller at du har namnet ditt på postkassa.
Viss du har fått ny adresse i Noreg etter at du leverte søknaden din, må du gi beskjed om kva den nye adressa din er når du er hos politiet, slik at du blir registrert på rett adresse i det norske folkeregisteret.
Fødselsnummer/d-nummer
Når du møter opp hos politiet for å bestille opphaldskort, gir vi beskjed om at du er innvilga eit opphaldsløyve til Skatteetaten. Skatteetaten avgjer om du skal få eit d-nummer eller fødselsnummer.
Omtrent to veker etter at du har vore hos politiet får du eit brev frå Skatteetaten med fødselsnummeret eller d-nummeret ditt
Viss du har fått eit d-nummer når du skulle ha fått eit fødselsnummer, må du kontakte Folkeregisteret (eksternt nettsted).
Skattekort
Viss du har spørsmål om skattekort fordi du skal arbeide i Noreg, finn du informasjon på Skatteetatens nettsider om korleis utanlandske statsborgarar søkjer om skattekort (eksternt nettsted).
-
Kor lenge varer opphaldsløyvet?
- I brevet du får frå UDI står det kor lenge opphaldsløyvet ditt varer.
- Du må søke om fornying tre måneder før opphaldsløyvet din går ut.
- Dersom du ikkje søker om fornying, kan du få problem med å reise ut og inn av Noreg, miste mogelegheita til å jobbe i Noreg eller få problem når du vil søke om permanent opphaldsløyve eller statsborgarskap.
-
Teller oppholdstillatelsen med hvis jeg senere skal søke om permanent oppholdstillatelse?
- I brevet du får fra UDI står det om tiden du har denne oppholdstillatelsen teller med hvis du senere skal søke om permanent oppholdstillatelse.
- Sjekk reglene for permanent oppholdstillatelse.
-
Kan familien min komme til Noreg?
For informasjon om kva for familiemedlemmer som kan søkje om å flytte til deg i Noreg, sjå familieinnvandringssidane.
-
Hva slags helsehjelp har jeg krav på?
Du har krav på ulike typar helsehjelp alt etter (eksternt nettsted) kva for situasjon du er i.
-
Kva kan eg arbeide med, og kva arbeidsgjever kan eg ha?
I vedtaket ditt står det kva type arbeid du kan gjere og eventuelt kva arbeidgjevar du skal jobbe for.
Viss du skal byrje hos ein ny arbeidsgivar, men skal jobbe i same type stilling, treng du ikkje søke om nytt opphaldsløyve.
Dersom du skal byrje i ny type stilling, må du søke om nytt opphaldsløyve, uansett om det er hos same arbeidsgivar eller hos ein ny arbeidsgivar. Du kan ikkje starte i ny type stilling før du har fått nytt opphaldsløyve.
-
Kan eg reise til andre land mens eg bur i Noreg?
- Etter at du har fått opphaldskortet ditt, kan du reise inn og ut av Noreg så lenge oppholdsløyvet varer, men du må bu i Noreg i minst seks månader til saman i løpet av eit år.
- Du må ha med deg passet og oppholdskortet ditt når du skal reise.
- Du kan besøke andre Schengenland i opptil 90 dagar.
-
Kva bør eg gjere viss eg skal flytte frå Noreg før opphaldsløyvet mitt går ut?
Dersom du flytter frå Noreg før opphaldsløyvet ditt går ut, kan du sende oss beskjed om dette. Då kan UDI trekke attende (kansellere) opphaldsløyvet ditt frå den datoen du reiser ut. Dette kan vere ein fordel for deg, fordi du då kan vise styresmaktene i andre Schengenland at du ikkje har eit gyldig opphaldsløyve i Noreg lenger. Dersom du søker om besøksvisum til eit anna Schengenland mens du framleis har eit gyldig opphaldsløyve, kan det hende at du ikkje får besøksvisum.
Slik gjev du oss beskjed:
- Skriv eit brev der du forklarer at du har flytta frå Noreg, og be UDI trekke attende resten av opphaldsløyvet ditt. Skriv i brevet kva dato du flytta frå Noreg, og postadressa di i utlandet.
- Hugs å skrive namnet ditt og DUF-nummeret eller fødselsnummeret ditt.
- Skriv under på brevet.
- Du kan sende oss det signerte brevet i posten eller skanne det og laste det opp i vårt skjema for innsending av dokumenter til UDI.
-
Kan jeg miste oppholdstillatelsen min?
I nokre tilfelle kan du miste opphaldsløyvet ditt.
Å miste en oppholdstillatelse betyr at UDI bestemmer at oppholdstillatelsen ikke skal gjelde lengre. Det kan bety at du enten ikke får bo i Norge lenger, eller at du får en ny oppholdstillatelse og oppholdet i Norge begynner å telle på nytt.
Det kan vere ulike grunnar til at du mistar opphaldsløyvet ditt, til dømes viss du:
- ikkje får den løna som det står i arbeidstilbodet ditt at du skal få
- bur utanfor Noreg meir enn seks månadar til saman i løpet av eitt år
- jobbar meir enn det som er oppgjeve i arbeidskontrakten, eller mindre enn det som er oppgjeve i arbeidskontrakten din
Her finn du meir informasjon om tilbakekall av eit opphaldsløyve.