Har fått svar Har fått ja på søknad om permanent oppholdstillatelse
Spørsmål og svar
-
Slik skaffar du opphaldskort viss du søkte før 16. april 2021
Kva er eit opphaldskort?
Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som viser at du har opphaldsløyve i Noreg.
Korleis skaffar du deg opphaldskort?
- Du må bestille time hos politiet på førehand for å ordne med opphaldskortet.
- Du kan bestille timen før du drar til Noreg.
- Timen må enten vere ein av dei fyrste sju dagane du er i Noreg, eller den fyrste ledige timen du finn.
- Du må møte opp hos politiet der du skal bu, til den timen du har bestilt.
- Dersom du er under 18 år, må du møte hos politiet saman med foreldre/føresette.
Bestilling av time på Min side
Viss du fylte ut og sendte søknaden din elektronisk, kan du no logge deg inn for å bestille timen (eksternt nettsted).
Bestilling av time på telefon
Viss du ikkje fylte ut elektronisk søknadsskjema da du søkte om opphaldsløyve, må du ringe ditt lokale politidistrikt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.
Kva skjer på timen hos politiet?
Politiet tar fingeravtrykka dine og fotograferer deg, og politiet bestiller opphaldskort til deg.
Kor lang tid tar det før du får kortet?
Det vil ta minst 20 arbeidsdagar frå du var hos politiet, til du får kortet sendt til deg i posten. Sjekk at du står registrert med rett postadresse og at du har namnet ditt på postkassen, ellers vil ikkje kortet komme fram til deg. Dersom kortet kjem vekk i posten vil det ta minst ti arbeidsdagar til, før du får det nye.
Dersom du planlegg å reise utanlands bør du derfor passe på at du har god tid mellom oppmøtet hos politiet og den planlagde avreisedatoen.
-
Slik skaffar du opphaldskort viss du søkte 16. april 2021 eller seinare
Kva er eit opphaldskort?
Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som er beviset ditt på at du har opphaldsløyve i Noreg. Det er politiet som bestiller opphaldskort til deg.
Når du har levert søknad frå Noreg, kan det vere at du kan få opphaldskortet ditt utan å møte opp hos politiet på nytt. Viss det gjeld deg, sender politiet opphaldskortet til deg i posten. Det betyr at du ikkje treng å bestille time. Les under kven som må bestille time.
Kva må du passe på for å motta kortet i posten?
- Er du ny postmottakar i Noreg, fyll ut denne blanketten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu), og lever han på eit postkontor eller Post i Butikk. Hugs å ta med legitimasjon.
- Sjekk at du står registrert med korrekt postadresse (eksternt nettsted) hos Posten, dersom du allereie er registrert som postmottakar. Sida krev innlogging med BankID eller MinID.
- Kontroller at du har namnet ditt på postkassa, viss ikkje vil ikkje kortet komme fram til deg. Viss kortet kjem bort i posten, vil det ta minst 20 arbeidsdagar til før du kan få eit nytt.
- Du bør ikkje bestille reiser til utlandet før du har fått det nye opphaldskortet.
Kven må bestille time for å få opphaldskort?
- Du som har søkt frå utlandet.
- Du som har eit norsk utlendingspass eller reisebevis for flyktningar som er utgått på dato, og som du ikkje allereie har gitt til politiet.
- Viss søknaden din blei levert av ein annan person med fullmakt, så må du sjølv bestille time hos politiet for å få opphaldskort.
- Viss du har søkt opphald etter brexit-regelverket, får du beskjed om å bestille time etter at søknaden din er ferdig behandla.
- Viss du har søkt om vern for første gang hos politiet, vil politiet innkalle deg til time. Du treng ikkje å bestille time sjølv.
Hos politiet må du ta bilde og gi fingeravtrykk.
Korleis bestille time?
Bestilling av time elektronisk
Viss du fylte ut og sendte søknaden din elektronisk, kan du nå logge deg inn for å bestille timen.
Bestilling av time på telefon
Viss du ikkje fylte ut elektronisk søknadsskjema da du søkte om opphaldsløyve, må du i staden ringe det lokale politidistriktet ditt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.
-
Husk å melde flytting
Meld fra til Skatteetaten/Folkeregisteret hvis du flytter, enten til en annen adresse i Norge eller inn/ut av Norge.
-
Du kan miste den permanente oppholdstillatelsen din
Å miste en oppholdstillatelse betyr at UDI bestemmer at oppholdstillatelsen ikke skal gjelde lengre. Det kan bety at du enten ikke får bo i Norge lenger, eller at du får en ny oppholdstillatelse og oppholdet i Norge begynner å telle på nytt.
Det kan være ulike grunner til at du mister oppholdstillatelsen din, for eksempel hvis du:
- har oppholdt deg utenfor Norge sammenhengende i mer enn to år eller totalt mer enn to år i løpet av en fireårsperiode (hvis du ønsker å oppholde deg i utlandet i mer enn to år, må du søke om dette)
- har gitt uriktige opplysninger i saken din
Her finner du mer informasjon om tilbakekall av en permanent oppholdstillatelse.