Har søkt Besøk og ferie
Spørsmål og svar
-
Kva skjer med søknaden min medan eg ventar?
- Etter at du har levert alle søknadsdokumenta til ambassaden, vil ambassaden i løpet av 15 dagar vurdere om du kan få visum.
- Viss ambassaden er i tvil om du kan få visum, sender dei saka di til UDI.
- Så snart turen har komme til saka di, vil UDI vurdere søknaden og vanlegvis gjere eit vedtak innan 45 dagar etter at du leverte søknaden til VFS-søknadssenteret, ambassaden eller konsulatet.
- Når søknaden er behandla, vil du få beskjed frå ambassaden. Dersom du har gitt nokon fullmakt i saka di, er det denne personen som får beskjed og som må informere deg.
-
Korleis sender eg inn ny dokumentasjon?
- Viss du har ny dokumentasjon til saka di, må du sende dokumenta til ambassaden.
- Dersom det er UDI som har bede deg om å sende dokumentasjonen, kan du du sende dokumenta direkte til oss – anten til den personen som har kontakta deg eller eller sende dei inn slik det er beskrive på denne sida.
-
Når får eg svar på søknaden min om besøksvisum?
Viss søknaden blir behandla av ansvarleg ambassade i landet der du søkjer, får du vanlegvis svar innan 15 dagar etter at du leverte søknaden på VFS-søknadssenteret, ambassaden eller konsulatet.
Dersom søknaden din blir behandla av ein ambassade i eit anna land, vil det ta nokre dagar ekstra fordi søknaden din skal bli send med bod til og frå ambassaden.
Dei aller fleste søknadene blir behandla av ambassaden, men viss ambassaden er i tvil om du kan få visum, sender dei søknaden din til UDI.
Vi kan ikkje svare på om saka di vil bli send til UDI, sidan det er ambassaden som bestemmer dette. Viss saka di blir send til UDI
- får du beskjed om det på e-post eller sms
- får du vanlegvis svar innan 45 dagar etter at du leverte søknaden på VFS-søknadsenteret, ambassaden eller konsulatet
Du finner meir informasjon om ventidene våre her.
-
Søknaden min om besøksvisum blei levert for over 15 dagar sidan og er framleis hos ambassaden. Når får eg svar?
Dersom søknaden din om besøksvisum framleis er hos ambassaden, kan ikkje UDI gi deg svar på kor lang tid det vil ta før han er ferdig. Vi ber deg derfor ta kontakt med relevant ambassade (eksternt nettsted) eller VFS (eksternt nettsted).
-
Søknaden min om besøksvisum er hos ambassaden, men eg får ikkje kontakt med ambassaden eller VFS. Kan UDI hjelpe meg?
UDI kan dessverre ikkje hjelpe deg dersom saka di er hos ambassaden eller hos VFS Global. Dei vil svare deg så raskt dei kan.
Ver merksam på at ambassadar/konsulat berre kan bli kontakta via e-post. Du finn kontaktinformasjon til ambassadar/konsulat ved å søkje opp relevant ambassade/konsulat her (eksternt nettsted). Du finn kontaktinformasjon til VFS her (eksternt nettsted).
-
Kan jeg be om prioritet?
Det er svært få søknader som kan bli prioritert. For å be om prioritet må du sende oss
- detaljert forklaring
- dokumentasjon, for eksempel legeattest
Du kan ikke be om prioritet via telefon, chat eller e-post.
Her kan du velge det alternativet som beskriver din situasjon og få mer informasjon om prioritering.
-
Korleis kan eg trekkje søknaden min og få betalt tilbake gebyret?
Viss du ønskjer å få betalt tilbake eit søknadsgebyr, må du kontakte den relevante ambassaden som er ansvarleg for søknaden din. UDI kan ikkje hjelpe deg med tilbakebetaling.
Du kan berre få betalt tilbake søknadsgebyret viss du ikkje har møtt opp og levert søknaden ved personleg oppmøte.
Dersom du har fylt ut feil søknadsskjema, må du registrere ein ny søknad. For å få refundert søknadsgebyret for den første søknaden, må du kontakte den relevante ambassaden (eksternt nettsted)
Viss du ønskjer å trekkje ein søknad før du har møtt opp for å levere søknadsdokumenta, må du kontakte ambassaden du valde i søknadsskjemaet og be om å få refundert gebyret.
Du finn meir informasjon om refusjon av gebyr her.
Når vi får informasjonen om at du vil trekkje søknaden, legg UDI bort saka di og sender deg ei skriftleg stadfesting på bortlegginga.
-
Hvordan kan en referanseperson, sponsor eller vertsforelder trekke en søknad?
Vi kan som hovedregel bare henlegge en sak hvis det er søker selv som skriftlig trekker søknaden. Det å henlegge betyr at vi avslutter saken uten å behandle den.
Hvis du er referanseperson, sponsor eller vertsforelder og ønsker å trekke ditt samtykke til at søkeren får opphold med deg i Norge, må du sende UDI skriftlig beskjed om dette. Du kan skrive et kort brev der du forklarer at du ønsker å trekke samtykket til at søker får opphold med deg. Du må sende brevet elektronisk. Hvis du trekker samtykket, vil det stå i vedtaket (avslaget) søkeren får.
Vi kan ikke henlegge en sak fordi referansepersonen/sponsoren/vertsforelderen ønsker det. Hvis disse personene ønsker å trekke søknaden, så må vi likevel behandle saken, men den vil bli avslått fordi samtykket er trukket.
Hvis en person med fullmakt ønsker å trekke søknaden på grunn av samlivsbrudd, må vi fortsatt behandle søknaden, men det vil bli et avslag. Fullmakten faller bort når vi får opplysninger om samlivsbruddet.
Søknadsgebyret blir ikke tilbakebetalt når referansepersonen/sponsoren/vertsforelderen trekker samtykket, fordi søknaden tas til behandling.