Asylmottak (ulike typar)
-
Nasjonalt ankomstsenter
Nasjonalt ankomstsenter er den primære staden for søknader om beskyttelse for flyktningar i Noreg. Ein bur her til ein er ferdig med alle aktivitetar som skal gjennomførast i samband med søknad om beskyttelse i Noreg.
Prosessen på Nasjonalt ankomstsenter:
- registrering hos politiet
- registrering i UDI sitt asylmottakssystem
- obligatorisk tuberkuloseundersøking og helseundersøking
- informasjon frå Caritas om kva som skjer vidare i asylprosessen
- ein del søkjare får gjennomføre asylintervjuet og får svar på søknaden mens dei bur på ankomstsenteret
Botiden på Nasjonalt ankomstsenter er opp mot 21 dagar.
-
Transittmottak
Mottak der asylsøkjarar bur mellombels, før de reiser vidare til ordinært mottak, privat buforhold eller ut av landet.
-
Transittmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år
Eigne transittmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år.
-
Ordinære mottak
Asylsøkjarar blir flytta til ordinære mottak etter asylintervjuet hos UDI. Asylsøkjarar bur i ordinære mottak mens søknaden deira blir behandla.
-
Ordinære mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år
Einslige mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år får tilbod om å bu i eigne mottak eller avdelingar som er tilpassa deira behov.
-
Einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år
Einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år vert sendt til eigne omsorgssenter som Barne-, ungdoms og familieetaten (Bufetat) (eksternt nettsted) har ansvaret for.
-
Integreringsmottak
Butilbod der bebuarane må forplikte seg til å følgje kommunen sitt kvalifiseringsprogram på heiltid. Integreringsmottak rettar seg mot vaksne og familier som har opphaldsløyve, eller som svært truleg kjem til å få opphaldsløyve.
-
Tilrettelagde avdelingar
Tilrettelagde avdelingar er et tilbod som er tilpassa asylsøkjarar med fysiske og/eller psykiske hjelpebehov eller som treng hjelp til å meistre kvardagen.
Tilrettelagde avdelingar har døgnbemanning og strengare kompetansekrav til tilsette samanlikna med ordinære mottak.
-
Særskild bu- og omsorgsløysing
Dette er et døgnbemanna butilbod for vaksne asylsøkjarar med åtferdsutfordringar som UDI vurderer til å kunna utgjera ein trussel for omgivnadene, og som dermed ikkje kan bu i det ordinære mottakssystemet.
Tilbodet er ikkje ein institusjon og det inkluderer ikkje helsebehandling. Helsebehandling blir levert av kommunale- og spesialisthelsetenester.
-
Særskild pleie- og omsorgsløysing
Særskild pleie- og omsorgsløysing er eit tiltak for bebuarar som på grunn av omfattande pleie- og omsorgsbehov ikkje kan varetakast i dei andre mottakstypane. Målgruppa vil i all hovudsak vere vaksne.
Tiltaket skal gi bebuarane nødvendige omsorgstenester og hjelpe bebuarane med å få tilgang til nødvendig helsehjelp.
Det er spesialist- og kommunehelsetenesten som har ansvar for helsa til alle bebuarar i mottaka våre.
-
Akuttinnkvartering
Akuttinnkvartering er eit mellombels butilbod i periodar med store innkomster og/eller rask auke i asylsøkjarar, og der det ikkje er mogleg å få på plass ordinær mottakskapasitet raskt nok eller i tilstrekkeleg volum. Tilbodet er nøkternt og skal sikra det grunnleggjande behovet til bebuarane og behova deira for tryggleik.
-
Venteinnkvartering
I periodar med store innkomster og/eller rask auke, har politiet eit mellombels butilbod for personar som ventar på å registrere ein søknad om beskyttelse (asyl).