Fingeravtrykk (for deg som søkjer om besøksvisum)


Når du søkjer om besøksvisum, må du gi fingeravtrykk. Det betyr at du må møte personleg på ambassaden, konsulatet eller søknadssenteret for å registrere fingeravtrykka dine.
  • Fingeravtrykka blir lagra i VIS, ein felles database for heile Schengenområdet.
  • Når du reiser inn i Noreg, kan politiet sjekke at du er den same personen som søkte om visum.
  • Dersom du søkjer om beskyttelse (asyl) i eit Schengenland seinare, vil myndigheitene kunne sjå at du har fått visum tidlegare.
  • Dei einaste som ikkje må gi fingeravtrykk, er barn under 12 år, statsleiarar og delegasjonane deira i visse situasjonar (sjekk med ambassaden dersom du høyrer til denne gruppa) og personar som manglar alle fingrane.

Fant du det du lette etter?