Fjernarbeid i Noreg


Viss du skal utføre fjernarbeid i Noreg, må du som regel ha eit opphaldsløyve som gir deg rett til å drive fjernarbeid i Noreg.

Alle utlendingar som skal arbeide i Noreg og som ikkje er EU/EØS-borgarar, må ha opphaldsløyve som gir dei rett til å arbeide her i landet. Dette gjeld i utgangspunktet òg for fjernarbeid når du er i Noreg.

Fjernarbeid er når du jobbar frå til dømes eit hotell eller ein bustad for ein norsk eller utanlandsk arbeidsgivar, eller når du driv næringsverksemd i Noreg eller utlandet.

Det betyr til dømes at du som hovudregel ikkje kan jobbe for arbeidsgivaren din i heimlandet medan du er på besøk eller ferie i Noreg.

Viss du er på besøk i Noreg, kan du likevel utføre noko fjernarbeid for arbeidsgivaren din i utlandet, eller i samband med eiga næringsverksemd i utlandet. Du kan til dømes svare på e-postar, ta telefonar og delta i digitale møte. Det er ein føresetnad at fjernarbeidet ikkje er hovudgrunnen til opphaldet ditt, og at arbeidet verken skaper verdiar i Noreg eller har tilknyting til landet. Du kan ikkje utføre fjernarbeid for ein arbeidsgivar eller oppdragsgivar i Noreg, og du kan heller ikkje utføre fjernarbeid som ein del av å drive næringsverksemd i Noreg.

Fant du det du lette etter?