Garantere økonomisk i familieinnvandringssaker
Dersom du
- har eit stebarn som skal flytte til Noreg, eller
- har ein svigerforelder som skal flytte til Noreg eller besøke Noreg i inntil ni månader
og ektefellen eller sambuaren din ikkje har nok inntekt, kan du garantere økonomisk i saka deira.
Kor mykje må du tene?
Viss du skal vere garantist, må du ha ei samla inntekt på
334 876 kroner i året før skatt
. Det må vere sannsynleg at du vil ha denne inntekta i minst eitt år framover. Seinare kan du bli beden om å dokumentere at du hadde denne inntekta det fyrste året familiemedlemmen din var i Noreg.
Dersom du skal vere garantist er det ikkje mogleg å leggje saman inntekta di og inntekta til ektefellen eller sambuaren din for å fylle kravet til inntekt. Når du skal vere garantist, må du oppfylle kravet til inntekt aleine.
Kva for type inntekt er godkjend?
Vi reknar med desse typane inntekt:
- arbeidsinntekt
- sjukepengar, svangerskapspengar, foreldrepengar, uførepensjon eller alderspensjon frå folketrygda
- andre varige pensjonar eller faste periodiske bidrag (forsikringsutbetalingar eller liknande)
- introduksjonsstønad for nyankomne innvandrarar
- lån eller stipend du får i samband med utdanning
Du som er garantist kan ha ein eller fleire av desse typane inntekt, så lenge dei til saman blir minst
334 876 kroner i året før skatt
. For eksempel kan du ha ei uføretrygd på 210 000 kr i året og ei arbeidsinntekt på 120 000 kr i året.
Desse typane inntekt reknar vi ikkje med:
- økonomisk sosialhjelp
- bostønad
- dagpengar og arbeidsavklaringspengar
- stønader du får fordi du har barn
- eigne midlar (pengar på konto)
Det er ikkje alltid mogleg å vere økonomisk garantist
Det er ikkje mogleg for deg å garantere økonomisk i ei sak der nokon skal flytte til ektefellen sin, sambuaren sin eller forloveden sin i Noreg. Då er det ektefellen, sambuaren eller forloveden som bur i Noreg som sjølv må fylle kravet til inntekt.
For å bli garantist må du fylle ut dette skjemaet. (pdf, 681 kB) Du treng ikkje stempel frå politiet på skjemaet.