Guide til ventetid i studiesaker
Informasjonen er tilpasset
Informasjon til deg som har søkt om fornying av studieløyvet ditt
Normalt med ulik ventetid
Ikkje alle søknader om fornying blir behandla innan same ventetid. Du kan oppleve at andre får svar tidligare, sjølv om dere har søkt samtidig. Det er fordi politiet og UDI deler ansvaret for å behandle søknadene, og har litt forskjellig ventetid.
Mange av søknadene om fornying av studieløyve blir behandla av politiet. Du kan finne informasjon om ventetida deira på nettsidene til politiet (eksternt nettsted). Viss politiet ikke kan behandle søknaden sjølv, sender dei den til UDI. Det kan for eksempel vere at du er forseinka i studiet ditt, at du har bytt studie, eller ikkje følger normal studieprogresjon. Viss UDI må gjere ekstra undersøkingar, kan det ta lengre tid før du får svar.
Viss politiet ikkje kan behandle søknaden sjølv, sender dei den til UDI.
Viss politiet sender søknaden din vidare til UDI, vil du få beskjed på e-post eller SMS. Dei fleste vil få svar på søknaden sin innen 8 månader etter at dei leverte søknaden hos politiet.
Dei fleste studentane har opphaldsløyver som går ut 31. august 2024. Derfor er det for tida veldig mange som ventar på svar på sine søknader om fornying av studieløyvet. Det betyr at ventetida kan gå over 8 månader. Derfor treng du ikkje kontakte oss om du ikkje har fått svar på søknaden din innan ventetida vi har opplyst om her. Vi kan ikkje gi anna informasjon på telefonen om ventetider enn det som står på denne sida.
Mange studentar ønsker å reise i juleferien. Feriar er dessverre ikkje ein grunn til at vi kan prioritere å behandle saka di framfor andre som har venta lenger.
Saka di blir ikkje raskare behandla sjølv om du kontaktar oss.
- Viss det manglar informasjon eller dokument i søknaden din, vil vi kontakte deg.
- Viss søknaden din er komplett og ikkje krev ekstra undersøkingar, vil vi behandle saka di og du får tilsendt eit vedtak frå oss.
- Viss saka di krev ekstra undersøkingar, vil dette bli gjennomført. Det varierer kor lang tid det tek å gjennomføre ekstra undersøkingar. Du kan lese meir om kva ekstra undersøkingar kan innebere.
Denne informasjonen blei sist oppdatert
21. november 2024
.
Den vil bli oppdatert neste gong
19. desember 2024
.