Gyldig inngått ekteskap
For at ekteskapet skal vere godkjent av norske myndigheiter, må det vere gyldig inngått, anten i Noreg eller i utlandet.
Ekteskap inngått i Norge
Ekteskapet er gyldig inngått dersom de har gifta dykk hos ei godkjend vigselsmyndigheit, til dømes
- Den norske kyrkja
- Human-Etisk Forbund
- ein kommune
For oversikt over kven som har vigselsstyresmakt i Noreg, sjå Vilkår for ekteskap (eksternt nettsted) på regjeringa.no.
Ekteskap inngått i utlandet
- Dersom de gifta dykk før nokon av dykk kom til Noreg, må ekteskapet vere gyldig inngått etter lovene i det landet de gifta dykk i.
- Dersom de gifta dykk på ein norsk ambassade, er ekteskapet gyldig inngått.
Du finn meir informasjon på regjeringen.no (eksternt nettsted).