Sårbare personar
Sårbare personar er i ein situasjon der dei kan ha særskilt behov for tilrettelegging eller oppfølging frå norske styresmakter. Det er viktig at du opplyser styresmaktene om det dersom du er i ein slik situasjon, slik at du kan få hjelp.
Du blir rekna som sårbar dersom du
- er utsett for vald eller mishandling i familien
- er utsett for tvangsekteskap
- er utsett for kjønnslemlesting
- er utsett for menneskehandel
- har vore utsett for tortur eller seksuell vald
- er under 18 år
- er lesbisk, homofil, bifil, transperson eller interseksuell
- er gravid
- har nedsett funksjonsevne
- har fysiske eller psykiske helseproblem