Seksuelle minoritetar
I Noreg har homofile, lesbiske, bifile og transpersonar dei same rettane som alle andre og kan leve ope. Det er forbode å diskriminere, trakassere, true eller øve vald mot menneske fordi dei høyrer til ein seksuell minoritet.
Kven blir rekna som seksuelle minoritetar?
- Homofile: menn som er tiltrekte av andre menn
- Lesbiske: kvinner som er tiltrekte av andre kvinner
- Bifile: menn eller kvinner som blir tiltrekte av både menn og kvinner
- Transpersonar: personar som har ein utsjånad eller ein identitet som er ulik det kjønnet dei blei fødde med
Rettane til seksuelle minoritetar
I Noreg er det ulovleg å diskriminere på grunn av
- seksuell orientering (om du er tiltrekt av menn eller kvinner eller begge delar)
- kjønnsidentitet (kva kjønn du identifiserer deg med)
- kjønnsuttrykk (korleis du utrykkjer kjønnsidentiteten din, for eksempel gjennom klede, hårfrisyre, sminke eller kroppsspråk)
Dersom du blir utsett for vald som er motivert av dette, vil personen som har øvd valden få ekstra straff.
Sidan 1993 har norske kvinner og menn kunna inngå partnarskap med ein av same kjønn. Sidan 2009 har alle i Noreg kunna gifte seg med ein av same kjønn. Dette inneber at ektefellar og sambuarar av same kjønn kan søkje om familieinnvandring på same måte som andre par.
Kven kan hjelpe deg?
- Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI) (eksternt nettsted) er ein organisasjon som jobbar for likestilling og mangfald og mot diskriminering av seksuelle minoritetar. FRI kan gi deg råd og arrangerer aktivitetar. Tlf.: 23 10 39 39, e-post: post@llh.no
- Skeiv verden (eksternt nettsted): fleirkulturelt nettverk som arrangerer sosiale samlingar og tilbyr samtalar. Tlf.: 950 93 293, e-post post@skeivverden.no.
- Helseutvalet for betre homohelse, Olafiaklinikken: helseundersøking og testing for HIV og andre seksuelt overførbare sjukdommar
- Politiet: 02800 (nødnummer: 112), dersom du ønskjer å melde nokon, er i fare eller treng råd
- Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting (eksternt nettsted) kan gi deg råd og rettleiing dersom familien din tvingar deg til å gifte deg. Ta kontakt på e-post kompetanseteamet@imdi.no eller telefon (+47) 478 09 050
- Nettportalen www.dinutvei.no (eksternt nettsted) er ein nasjonal vegvisar til hjelpetilbod, informasjon og kunnskap om vald i nære relasjonar, valdtekt og andre seksuelle overgrep. Her finn du òg ei spørsmål–svar-teneste der du kan stille spørsmål anonymt.
Meir informasjon for hjelparar
- Regjeringas handlingsplan: Bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner 2009–2012 (eksternt nettsted)
- LHBT-senteret: Nasjonalt kunnskapssenter om seksuell orientering og kjønnsidentitet (eksternt nettsted)
- Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI) (eksternt nettsted)