Straffedømd


Å vere straffedømd vil seie å ha fått fengselsstraff, samfunnsstraff eller bøter.

Straffedømde må vente lenger på å få permanent opphaldsløyve

Dersom du har fått fengselsstraff, samfunnsstraff eller bøter, vil det gi deg tilleggstid før du kan søkje om permanent opphaldsløyve.

Forenkla førelegg (som til dømes ei parkeringsbot), mekling i konfliktrådet eller påtaleunnlating gir ikkje tilleggstid.

Straffedømde må vente lenger på å få norsk statsborgarskap

Dersom du har blitt straffedømd, har fått bøter av politiet eller er under etterforsking, må du vente lenger på å bli norsk statsborgar. Dette blir kalla «karenstid».

Straffedømde kan bli utviste

Straffedømde kan bli utviste frå Noreg og resten av Schengen-området.

Fant du det du lette etter?