Studentar og elevar som kan reise til Noreg før søknaden om studieløyve er behandla
Enkelte personar som søkjer om eit studieløyve, kan levere søknaden i Noreg eller reise til Noreg før dei har fått svar på søknaden sin.
Du kan levere søknad i Noreg eller reise til Noreg før du har fått svar på søknaden, dersom du
- ikkje treng visum for å besøke Noreg, eller
- har gyldig visum eller opphaldsløyve i Noreg eller eit anna Schengenland
og oppfyller eit av desse vilkåra:
- kan dokumentere kompetanse som faglært/spesialist
- har hatt ein annan type opphaldsløyve i Noreg i dei siste ni månadene
- har fått Fulbright-stipend
- har fått stipend frå Noregs forskingsråd
- deltek i ei utveksling mellom ein norsk og ein utanlandsk høgare utdanningsinstitusjon
- skal på utveksling gjennom
- American Field Service (AFS)
- My Education
- Youth For Understanding (YFU)
- Explorius
- Rotary
- STS High School Foundation
- EU-program som for eksempel Erasmus