Tidleg arbeidsstart
Ikke alt innholdet på denne siden finnes på norsk.
Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EU/EØS kan vanlegvis ikkje begynne å arbeide før dei har fått eit opphaldsløyve. Dei kan likevel begynne å arbeide dersom dei har fått ei stadfesting frå politiet på at dei kan jobbe (tidleg arbeidsstart).
Det er politiet som gir stadfesting for tidleg arbeidsstart
- Du må sjekke med ditt lokale politidistrikt (eksternt nettsted) om du kan få tidleg arbeidsstart.
- På servicesentra for utanlandske arbeidstakarar (SUA) i Bergen, Oslo, Trondheim, Kirkenes og Stavanger får du ikkje stadfesting for tidleg arbeidsstart.
- Du må kontakte politiet (eksternt nettsted) dersom du har spørsmål om kor lenge du må vente på å få ei stadfesting på tidleg arbeidsstart frå politiet, eller om du har andre spørsmål om korleis politiet handterer ordninga om tidleg arbeidsstart.
Krav for å få tidleg arbeidsstart for faglært arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg
- Søknad om opphaldsløyve for faglært arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg eller opphaldsløyve som idrettsutøvar eller trenar må vere levert med alle nødvendige vedlegg.
- Arbeidstakaren må minst ha ei treårig avslutta utdanning frå universitet/høgskole, til dømes ein treårig bachelorgrad.
- Arbeidstakaren kan ikkje ha søkt om opphaldsløyve som religiøs leiar/lærar.
- Arbeidstakaren kan ikkje vere statsborgar av Iran eller Nord-Korea.
Krav for å få tidleg arbeidsstart for tilsett i internasjonalt selskap som skal på oppdrag i Noreg
- Søknad om opphaldsløyve for tilsett i internasjonalt selskap som skal på oppdrag til den norske delen av selskapet må vere levert med alle nødvendig vedlegg.
- Den utsende arbeidstakaren må vere faglært.
- Den utsende arbeidstakaren kan ikkje vere statsborgar av Iran eller Nord-Korea.
Dette må de gjere
-
Dersom arbeidsgivaren/oppdragsgivaren leverer søknaden om opphaldsløyve på vegner av arbeidstakaren
- Arbeidsgivaren/oppdragsgivaren må ha skriftleg fullmakt (pdf, 199 kB) frå arbeidstakaren, og vise fram fullmakta når han eller ho leverer søknaden om opphaldsløyve til politiet.
- Arbeidsgivaren/oppdragsgivaren må be om tidleg arbeidsstart når han eller ho leverer søknaden om opphaldsløyve til politiet.
- Politiet kan då gi ei stadfesting på at arbeidstakaren kan jobbe for denne arbeidsgivaren/oppdragsgivaren fram til søknaden om opphaldsløyve er behandla (stadfesting på tidleg arbeidsstart). Arbeidstakaren kan ikkje byte arbeidsgivar eller oppdragsgivar.
- Dersom arbeidstakaren treng eit visum for å reise inn i Noreg, kan han eller ho få dette ved ein norsk ambassade som tar imot søknader om opphaldsløyve. Arbeidstakaren må vise fram stadfesting på tidleg arbeidsstart ved den norske ambassaden. Andre land sine ambassadar kan ikkje gi denne typen innreisevisum. Dersom arbeidstakaren bur i eit land der Noreg blir representert av eit anna land, må han eller ho kontakte ein norsk ambassade i eit anna land som tar imot søknader om opphaldsløyve.
NB! Etter at politiet har sendt søknaden til UDI for handsaming, er det ikkje mogleg å få ei stadfesting på tidleg arbeidsstart.
-
Dersom arbeidstakaren leverer søknaden om opphaldsløyve sjølv
Det er ikkje mogleg å be om tidleg arbeidsstart dersom du leverer søknaden om opphaldsløyve på ein ambassade.
- Arbeidstakaren må be om tidleg arbeidsstart når han eller ho leverer søknaden om opphaldsløyve til politiet.
- Politiet kan då gi ei stadfesting på at arbeidstakaren kan jobbe for denne arbeidsgivaren/oppdragsgivaren fram til søknaden er behandla. Arbeidstakaren kan ikkje byte arbeidsgivar eller oppdragsgivar.
NB! Etter at politiet har sendt søknaden til UDI for handsaming, er det ikkje mogleg å få ei stadfesting på tidleg arbeidsstart.