Tolk
Ein tolk er ein person som skal hjelpe to personar som ikkje snakkar same språk å snakke saman.
Å tolke betyr å omsetje munnleg og formidle ein samtale mellom ulike språk. Når du og saksbehandlaren som intervjuar deg ikkje snakkar same språk, bruker vi ein tolk som seier det same som du seier på språket ditt på språket til den andre personen i samtalen.
Tolken er ikkje ein del av samtalen. Tolken skal berre munnleg omsetje det de som deltek i samtalen seier, på den måten de seier det. Tolken skal ikkje utelate, leggje til eller endre noko. Tolken er upartisk og har teieplikt.