Forskar med eigne midlar
NB! Dersom du er forskar som har ein arbeidsgivar i Noreg må du søkje om opphaldsløyve som faglært arbeidstakar.
Krav til forskaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må forske ved eit norsk universitet, høgskole, institutt eller liknande.
- Du må ha nok pengar til å leve for. Det vil seie minst
13 790 kroner i måneden, eller 151 690 kroner i året
. Denne summen kan vere lønn frå ein utanlandsk arbeidsgivar, stipend frå utlandet eller Noreg, eigne pengar på konto eller ein kombinasjon av desse midlane. - Du kan få stipend i staden for lønn. Storleiken på stipendet må vere tilsvarande basisstøtta for heiltidsstudium for høgare utdanning i Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen). For studieåret 2024/2025 vil dette seie minst
13 790 kroner i månaden
- Du må ha ein stad å bu.
- Forholda i heimlandet ditt må vere slik at det er sannsynleg at du kan reise tilbake dit når du er ferdig med å studere.
Rettar og plikter for dei som får løyve
- Dersom du får løyve, får du også løyve til å arbeide deltid 20 timer per veke, inkludert fjernarbeid, ved sida av forskinga og fulltid i feriane.
- Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.