Praktikant
Krav til praktikanten
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du kan vere praktikant mens du er under høgare utdanning. Utdanninga må skje ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon.
- Du kan ikkje ha fullført utdanninga di. Da må du i staden søkje om løyve som faglært. Du kan heller ikkje ha eit praktikantopphald i starten av studia dine.
- Føremålet med praktikantopphaldet må vere å få praktisk opplæring innan utdanninga di.
- Du kan vanlegvis ikkje ha vore praktikant tidlegare eller ha arbeidd innan same bransje som du no ønskjer å vere praktikant i.
- Du må ha ein stad å bu.
- Du må ha fylt 18 år når du søkjer og ikkje ha fylt 30 år.
- Forholda i heimlandet ditt må vere slik at det er sannsynleg at du kan reise tilbake dit når du er ferdig som praktikant.
Krav til praktikantopphaldet
- Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid som praktikant.
- Praktikantopphaldet må vere relevant for utdanninga di.
- Du kan enten vere lønna eller motta stipend. Lønna di kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg:
- Dersom du skal jobbe i ein bransje med tariffavtale, må du få tarifflønn for arbeidstakar som er under utdanning.
- Dersom du skal jobbe i ein bransje utan tariffavtale, kan lønna di ikkje vere dårlegare enn det som er normalt for nokon som er under utdanning i yrket ditt der du skal jobbe.
- Du kan få stipend i staden for lønn. Storleiken på stipendet må vere tilsvarande basisstøtta for heiltidsstudium for høgare utdanning i Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen). For studieåret 2024/2025 vil dette seie minst
13 790 kroner i månaden
.
- Du kan berre ha éin arbeidsgivar.
- Du har ikkje lov til å drive fjernarbeid, med mindre det er ein del av jobben du har fått opphaldsløyve for å gjere.
Rettar og plikter for dei som får løyve
- Du kan få opphaldsløyve for opptil seks månader. I heilt spesielle tilfelle kan du få opphaldsløyve for opptil tolv månader.
- Du kan ikkje fornye opphaldsløyvet ditt.
- Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.