Skal søkje Sjøfolk
Hva slags skip arbeider du på?
-
Norsk skip som går mellom norsk og utanlandsk hamn
Nokre sjøfolk på norskregistrerte skip treng ikkje opphaldsløyve for å arbeide i Noreg.
Krav for ikkje å trenge opphaldsløyve
Du må arbeide på eit norsk skip (ikkje fiskefartøy) som går i trafikk mellom ei norsk og ei utanlandsk hamn.
-
Norsk skip som går mellom norske hamner
Dersom du skal arbeide på eit norskregistrert skip som fraktar gods eller passasjerar mellom norske hamner, må du søkje om opphaldsløyve. Det gjeld også dersom du jobbar på eit fiskefartøy som leverer fangst i ei norsk hamn.
Sjøfolk kan søkje om desse typane opphaldsløyve
-
Utanlandskregistrert skip i internasjonal trafikk
Nokre sjøfolk på utanlandskregistrerte skip treng ikkje opphaldsløyve for å arbeide i Noreg. Du må høyre til ei av desse gruppene:
- Du arbeider på eit utanlandskregistrert cruiseskip.
- Du arbeider på eit utanlandsk skip som er registrert i eit skipsregister i eit EØS-land.
- Du arbeider på eit utanlandskregistrert skip som skal frakte gods eller passasjerar i Noreg i inntil tre månader.
- Dersom skipet skal frakte gods eller passasjerar i Noreg i ein samanhengande periode på meir enn tre månader, må du søkje om opphaldsløyve for sjøfolk på utanlandsk skip mellom norske hamner. Perioden blir rekna som samanhengande sjølv om skipet har vore på to korte reiser eller oppdrag til andre land i inntil ti dagar til saman.
-
Utanlandsk skip som går mellom norske hamner
Dersom du skal jobbe på eit utanlandskregistrert skip som fraktar gods eller passasjerar mellom norske hamner i ein samanhengande periode på minst tre månader, må du søkje om opphaldsløyve. Perioden på tre månader blir rekna som samanhengande sjølv om skipet har vore på to korte reiser eller oppdrag til andre land i opptil ti dagar til saman.
Krav til arbeidstakaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
Krav til arbeidsforholdet
- Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid på eit utanlandskregistrert skip som fraktar gods eller passasjerar mellom norske hamner.
- Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg.
Rettar og plikter
- Dersom du skal byte skip, må du søkje om nytt opphaldsløyve.
- Du kan få løyve for eitt år om gongen.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.
-
Mannskap på skip i opplag
Viss du skal vere i Noreg i meir enn tre månader, må du ha eit opphaldsløyve.
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere nødvendig vakt- eller vedlikehaldsmannskap på skip i opplag i Noreg.
- Du må levere informasjon om namnet på skipet, innhaldet og varigheita til arbeidet, og kor mykje du vil få i lønn..
Rettar og plikter
- Tiden du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med viss du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu med deg i Noreg.
-
Overvintre med båt i norsk hamn
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må oppgi namn på båten og ha ei stadfesting på båtplass i norsk hamn.
- Du må ha nok pengar å leve for.
Rettar og plikter
- Du kan ikkje jobbe mens du er i Noreg.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med viss du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu med deg i Noreg.