Skal søkje Utveksling, kultur- og organisasjonsarbeid
Kva skal du vere i Noreg?
-
Tilsett i humanitær, ideell eller religiøs organisasjon
Du som skal arbeide i Noreg maksimalt 14 dagar og er tilsett i ein organisasjon som driv internasjonalt humanitært arbeid
Nokre tilsette i ein organisasjon som driv internasjonalt humanitært arbeid treng ikkje opphaldsløyve for kort tids arbeid i Noreg. Undersøk om du treng opphaldsløyve.
Krav til arbeidstakaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
Krav til arbeidsforholdet
- Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid for ein etablert organisasjon.
- Organisasjonen må ha som formål å drive ideell, humanitær eller religiøs verksemd. Det betyr at organisasjonen må ha som hovudformål å hjelpe menneske eller utføre anna ideelt arbeid. Organisasjonen kan gå med overskot, men kan ikkje ha som hovudformål å tene pengar.
- Du må utføre ideelt, humanitært eller religiøst arbeid for organisasjonen.
- Du må komme til Noreg som ein del av eit internasjonalt utvekslingsprogram eller fordi organisasjonen treng utanlandsk arbeidskraft.
- Du kan ikkje jobbe som religiøs leiar/lærar, da må du søkje om opphaldsøyve for religiøs leiar/lærar.
- Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg for yrket ditt der du skal jobbe i Noreg. UDI kan godta at du får låg eller inga lønn dersom dette er normalt for yrket ditt der du skal jobbe.
- Lønna du får, må vere nok til at du klarer deg i Noreg, og du må ha ein stad å bu. Dersom du får lita eller inga lønn, må organisasjonen du skal arbeide for, dekke utgiftene dine til kost, losji og heimreise.
Rettar og plikter
- Dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar, må du søkje om nytt løyve.
- Du kan få løyve for eitt år om gongen, maksimalt fire år til saman.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
-
Kunstnar, musikar eller artist
Du som skal jobbe i Noreg i maksimalt 14 dagar
Artistar, kunstnarar, musikarar og hjelpepersonellet deira treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal ha konsertar/førestillingar i Noreg i til saman maksimalt 14 dagar i løpet av eit kalenderår. Du eller oppdragsgivaren din må melde frå skriftleg til politiet før du reiser inn til Noreg. Du må sjekke om du treng besøksvisum.
Du som er britisk borgar, ikkje har arbeidsgivar i Noreg og skal jobbe i Noreg i opptil 90 dagar
Britiske musikarar, artistar og deira hjelpepersonell som ikkje har arbeidsgivar i Noreg, treng ikkje opphaldsløyve viss dei skal opptre, delta i konkurransar eller ha prøver i Noreg i opptil 90 dagar i ein 180 dagars periode.
Du eller oppdragsgivaren din må gi skriftleg melding til politiet før du reiser inn til Noreg.
Du som skal jobbe i Noreg i meir enn 14 dagar
Krav til arbeidstakaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
Krav til arbeidsforholdet
- Du må ha eit konkret tilbod om arbeid som artist, musikar, kunstnar eller nødvendig hjelpepersonell som følgjer med.
- Formålet med arbeidet må vere å formidle kultur, for eksempel gjennom musikk, dans, teater eller sirkus.
- Hovudregelen er at du må ha eit tilbod om heiltidsarbeid. Det vil vanlegvis seie 37,5 timar per veke. For musikarar eller danseorkester er det nok med 21 timar per veke.
- Tilbodet om arbeid må vere for eit bestemt, samanhengande tidsrom. Du kan ha éin eller fleire arbeidsgivarar eller oppdragsgivarar. Dersom du har periodar da du ikkje har arbeid eller oppdrag, kan dei ikkje utgjere meir enn 20 prosent av tida du er i Noreg.
- Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg. Det vil seie at du må få lønn etter tariffavtale for bransjen. Dersom det ikkje finst nokon tariffavtale, kan ikkje lønna di vere dårlegare enn det som er normalt for yrket ditt der du skal jobbe. For eksempel skal musikarar, sirkusartistar og deira nødvendige hjelpepersonell ha ei lønn på minst
310 070 kroner i året før skatt
. Dei som er engasjerte av Kulturtanken, tidlegare Rikskonsertane, har ei eiga avtale (eksternt nettsted). - Dersom du er mellom 15 og 18 år, må du ha samtykke frå foreldra dine eller andre som har foreldreansvar for deg. Barn under 15 år kan ikkje få opphaldsløyve etter desse reglane, men kan søkje om opphaldsløyve etter reglane om familieinnvandring.
Rettar og plikter
- Dersom du skal byte stilling, oppdrag eller arbeidsgivar, må du søkje om nytt opphaldsløyve.
- Du kan få løyve for maksimalt eitt år om gongen. Du må ha vore ute av Noreg i tre månader før du kan få nytt løyve.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
-
Deltakar frå Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec)
- Du må vere engasjert av ein norsk samarbeidspartnar til Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) (eksternt nettsted).
- Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid for éin arbeidsgivar.
- Du må ha ein stad å bu.
- Du må få lønn i samsvar med vedtektene til Norec.
- Lønna du får, må vere stor nok til at du klarer deg i Noreg, og du må ha ein stad å bu. Dersom du får låg lønn, må Norec dekke utgiftene dine til kost, losji og heimreise.
Rettar og plikter
- Dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar, må du søkje om nytt løyve.
- Du kan få løyve for eitt år om gongen, maksimalt fire år til saman.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
-
Arbeidsferie for unge vaksne frå Canada
Canadiske statsborgarar under 36 år kan få opphaldsløyve for å ta lengre feriar og arbeide i Noreg.
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere canadisk statsborgar. Det held ikkje at du er fast busett i Canada.
- Du må vere busett i Canada.
- Du må ha fylt 18 år, og kan ikkje ha fylt 36 år, når du søkjer.
- Du må skrive under på at du vil teikne medisinsk forsikring og full sjukehusforsikring før du reiser inn i Noreg.
- Det du skal gjere i Noreg, må høyre inn under ein av desse kategoriane:
- Arbeidspraksis: Du har høgare utdanning og ønskjer ytterlegare opplæring gjennom eit arbeidsforhold, i tillegg til at du gjerne vil auke kunnskapane dine om norsk språk, samfunn og kultur.
- Studium: Du studerer i Canada og ønskjer å gjennomføre ein del av studia dine ved eit universitet eller ein høgskole i Noreg. Universitetet eller høgskolen må ha ein utvekslingsavtale med staden der du studerer i Canada.
- Hospitering: Du skal hospitere i ei bedrift i Noreg som ein del av studia eller opplæringa di. Hospiteringa kan vere betalt eller ubetalt.
- Feriejobb: Du studerer ved eit universitet eller ein høgskole i Canada, og ønskjer å arbeide i Noreg mens du har ferie frå studiestaden.
- Turist: Du skal feriere i Noreg, men ønskjer også å jobbe i ferien.
- Du må ha nok pengar til å klare deg dei tre første månadene i Noreg. Det kan vere pengar i banken og/eller eit konkret tilbod om lønt arbeid. Du må ha
13 790 kroner i månaden
, altså41 370 kroner for dei første tre månadene
.
Rettar og plikter
- Du kan jobbe mens du er i Noreg. Dersom du har fått løyvet på grunnlag av at du er turist, kan du berre jobbe seks månader for same arbeidsgivar.
- Du kan søkje om løyve for inntil eitt år.
- Det er berre løyve på under eitt år som kan fornyast.
- Du kan søkje om eit nytt opphaldsløyve for arbeidsferie, sjølv om du har hatt eit slikt løyve tidlegare. Det er då eit krav at det du skal gjere i Noreg, fell inn under ein annan kategori enn det du gjorde førre gong du var i Noreg på arbeidsferie. Du ser dei ulike kategoriane høgare oppe på sida, under «Krav til søkjaren».
- Du kan maksimalt få opphaldsløyve for arbeidsferie for to år til saman. Sjølv om du berre kan fornye løyve som har ei lengd på under eitt år, kan du søkje om eit nytt løyve på eit seinare tidspunkt – sjølv om du har hatt eit slikt løyve tidlegare.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.
-
Arbeidsferie for unge vaksne frå New Zealand
Newzealandske statsborgarar under 31 år kan få opphaldsløyve for å ta lengre feriar og arbeide i Noreg.
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere newzealandsk statsborgar. Det held ikkje at du er fast busett i New Zealand.
- Du må ha fylt 18 år, og kan ikkje ha fylt 31 år, når du søkjer.
- Du må ha nok pengar til å klare deg dei tre første månadene i Noreg. Det kan vere pengar i banken og/eller eit konkret tilbod om lønt arbeid. Du må ha
13 790 kroner i månaden
, altså41 370 kroner for dei første tre månadene
. - Du kan ikkje jobbe meir enn seks månader for same arbeidsgivar mens du er i Noreg.
- Du må skrive under på at du vil teikne medisinsk forsikring og full sjukehusforsikring før du reiser inn i Noreg.
- Du kan ikkje få denne typen løyve dersom du skal studere i meir enn tre månader. Da må du søkje om opphaldsløyve for studium.
Rettar og plikter
- Du kan jobbe mens du er i Noreg, men ikkje meir enn seks månader for same arbeidsgivar.
- Du kan få løyve for inntil eitt år til saman.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.
-
Arbeidsferie for unge vaksne frå Australia
Australske statsborgarar under 31 år kan få opphaldsløyve for å ta lengre feriar og arbeide i Noreg.
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere australsk statsborgar. Det held ikkje at du er fast busett i Australia.
- Du må ha fylt 18 år, og kan ikkje ha fylt 31 år, når du søkjer.
- Du må ha nok pengar til å klare deg dei tre første månadene i Noreg. Det kan vere pengar i banken og/eller eit konkret tilbod om lønt arbeid. Du må ha
13 790 kroner i månaden
, altså41 370 kroner for dei første tre månadene
. - Du kan ikkje jobbe meir enn seks månader for same arbeidsgivar medan du er i Noreg.
- Du må ha god helse. Det vil seie at det ikkje er sannsynleg at du må leggjast inn på sjukehus medan du er i Noreg.
- Du kan ikkje få denne typen løyve dersom du skal studere i meir enn tre månader. Da må du søkje om opphaldsløyve for studium.
Rettar og plikter
- Du kan jobbe mens du er i Noreg, men ikkje meir enn seks månader for same arbeidsgivar.
- Du kan få løyve i eitt år om gongen, maksimalt to år til saman. Dersom du søkjer om fornying, kan du ha fylt 31 år.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.
-
Arbeidsferie for unge vaksne frå Japan
Japanske statsborgarar under 31 år kan få opphaldsløyve for å ta lengre feriar og arbeide i Noreg.
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere japansk statsborgar. Det held ikkje at du er fast busett i Japan.
- Du må vere busett i Japan.
- Du må ha fylt 18 år, og kan ikkje ha fylt 31 år, når du søkjer.
- Du må ha nok pengar til å klare deg dei tre første månadene i Noreg. Det kan vere pengar i banken og/eller eit konkret tilbod om lønt arbeid. Du må ha
13 790 kroner i månaden
, altså41 370 kroner for dei første tre månadene
. - Du kan ikkje jobbe meir enn seks månader for same arbeidsgivar mens du er i Noreg.
- Du må ha god helse. Det vil seie at det ikkje er sannsynleg at du må leggjast inn på sjukehus mens du er i Noreg. Du må ha teikna ei medisinsk forsikring som gjeld for heile opphaldet ditt i Noreg.
- Du kan ikkje få denne typen løyve dersom du skal studere i meir enn tre månader. Da må du søkje om opphaldsløyve for studium.
Rettar og plikter
- Du kan jobbe mens du er i Noreg, men ikkje meir enn seks månader for same arbeidsgivar.
- Du kan få løyve i inntil eitt år til saman.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.
-
Arbeidsferie for unge vaksne frå Argentina
Argentiske statsborgarar under 31 år kan få opphaldsløyve for å ta lengre feriar og arbeide i Noreg.
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere argentinsk statsborgar. Det held ikkje at du er fast busett i Argentina.
- Du må vere busett i Argentina.
- Du må ha fylt 18 år, og kan ikkje ha fylt 31 år, når du søkjer.
- Du må ha nok pengar til å klare deg dei tre første månadene i Noreg. Det kan vere pengar i banken og/eller eit konkret tilbod om lønt arbeid. Du må ha
13 790 kroner i månaden
, altså41 370 kroner for dei første tre månadene
. - Du kan ikkje jobbe meir enn seks månader for same arbeidsgivar mens du er i Noreg.
- Du må skrive under på at du vil teikne medisinsk forsikring og full sjukehusforsikring før du reiser inn i Noreg.
- Du kan ikkje få denne typen løyve dersom du skal studere i meir enn tre månader. Da må du søkje om opphaldsløyve for studium.
Rettar og plikter
- Du kan jobbe mens du er i Noreg, men ikkje meir enn seks månader for same arbeidsgivar.
- Du kan få løyve for inntil eitt år til saman.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.
-
Arbeidsferie for unge vaksne fra Andorra
Andorranske statsborgarar under 31 år kan få opphaldsløyve for å ta lengre feriar og arbeide i Noreg.
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere andorransk statsborgar. Det held ikkje at du er fast busett i Andorra.
- Passet ditt må være gyldig for heile perioden du søkjer om opphaldsløyve.
- Du må ha fylt 18 år, og kan ikkje ha fylt 31 år, når du søkjer.
- Du må ha nok pengar til å klare deg dei tre første månadene i Noreg. Det kan vere pengar i banken og/eller eit konkret tilbod om lønt arbeid. Du må ha
13 790 kroner i månaden
, altså41 370 kroner for dei første tre månadene
. - Du kan ikkje jobbe meir enn seks månader for same arbeidsgivar medan du er i Noreg.
- Du må skrive under på at du vil teikne medisinsk forsikring og full sjukehusforsikring før du reiser inn i Noreg.
Rettar og plikter
- Du kan jobbe mens du er i Noreg, men ikkje meir enn seks månader for same arbeidsgivar.
- Du kan få løyve i inntil eitt år til saman.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.
-
Arbeidande gjest i landbruket
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må delta på utveksling gjennom Biologisk-Dynamisk Forening (eksternt nettsted) eller Atlantis' (eksternt nettsted) «Arbeidende gjest»-ordning.
- Forholda i heimlandet ditt må vere slik at det er sannsynleg at du kan reise tilbake dit når utvekslinga er avslutta.
Krav til arbeidsforholdet
- Du må jobbe heiltid på ein gard, eventuelt ved eit gartneri, og du må fungere som ein del av familien på garden.
- Du kan jobbe for anten éin eller to arbeidsgivarar. Dersom du har to arbeidsgivarar, må du jobbe først hos den eine og så hos den andre. Du kan ikkje flytte fram og tilbake.
- Arbeidsoppgåvene dine må vere ein del av den daglege gardsdrifta.
- Du kan ikkje utføre andre arbeidsoppgåver for arbeidsgivaren, slik som større vedlikehaldsarbeid, drift av campingplass eller liknande.
- Gjennom arbeidet må du få kunnskap om norsk landbruk og norsk kultur.
- Du kan ikkje arbeide meir enn 35 timar per veke. Du har krav på minst 1,5 dagar samanhengande fri i veka.
- Du må få ei lønn på minimum 600 kroner etter skatt i veka. I tillegg må arbeidsgivaren gi deg kost og losji og betale heimreisa di.
- Arbeidsgivaren kan ikkje ha meir enn tre arbeidande gjester hos seg samtidig.
Rettar og plikter
- Du kan berre få opphaldsløyve som arbeidande gjest éin gong, i opptil tre månader.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.
- Arbeidsgivaren/utvekslingsorganisasjonen kan søkje på dine vegner.
-
Journalist som skal på oppdrag for utanlandsk medieinstitusjon i over tre månader
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere tilsett i, eller på oppdrag for, ein utanlandsk medieinstitusjon.
- Du må ha ein stad å bu i Noreg.
Rettar og plikter
- Du kan få løyve for maksimalt to år av gongen.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med viss du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Ektefellen din eller sambuar og barna dine kan vanlegvis søkje om å bu med deg i Noreg. Viss familiemedlemmene dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene deira samtidig.
-
Mediepersonell som skal på oppdrag for utanlandsk medieinstitusjon i over tre månader
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere tilsett i, eller på oppdrag for, ein utanlandsk medieinstitusjon.
- Du må ha ein stad å bu i Noreg.
Rettar og plikter
- Du kan få løyve for maksimalt to år av gongen.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med viss du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Ektefellen din eller sambuar og barna dine kan vanlegvis søkje om å bu med deg i Noreg. Viss familiemedlemmene dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene deira samtidig.
-
Andre typar kulturopphald i Noreg
Du kan i nokre heilt spesielle tilfelle få opphaldsløyve for kulturopphald i Noreg.
Nokre eksempel på kva som kan falle inn under slike kulturopphald er viss du er:
- Idrettsutøvar. Du må utøve ein idrett i Noreg, og opphaldet må som hovudregel vere nødvendig av omsyn til etableringeller vidareutvikling av idrettsgreina.
- Skapande kunstnar. Du må vere etablert som kunstnar og du må sannsynleggjere at opphaldet i Noreg har noko å seie for utviklinga di som kunstnar, ved at norske forhold har noko å seie for at du kan få fram eit produkt (bilete, bok, skulptur eller liknande).
- Kulturspreiar. Det er vilkår for løyvet at du spreier kunnskap om Noreg og norsk kultur i utlandet. Du må allereie vere etablert som kulturspreiar i utlandet, og halde fram med dette etter avslutta opphald i Noreg.
- Voluntør under EU-programmet Erasmus+.
- Deltakar i Fulbright-programmet. Du skal delta i Fulbright-programmet og fell utanfor reglane om opphaldsløyve til studentar og opphaldsløyve til forskarar med eigne midlar.
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må ha ein stad å bu i Noreg.
- Du må ha nok pengar å leve for.
- Du må gi opplysningar om formålet med opphaldet i Noreg.
- Viss formålet med opphaldet er kulturarbeid, må du ha dokumentasjon på tidlegare engasjement eller arbeid innan kultur eller idrett.
- Viss du skal vere voluntør eller hospitant under EU-programmet Erasmus+, må du ha ei stadfesting frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Rettar og plikter
- Du har rett til deltidsarbeid og arbeid i feriar.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med viss du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Ektefellen din eller sambuar og barna dine kan vanlegvis søkje om å bu med deg i Noreg. Viss familiemedlemmene dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene deira samtidig